"Jeg hørte mine svigerforeldre fortelle om Knut Rasmussen, kalt 
          Vist-Knut. Min svigerfar var hans morbror.
          Knut kunde ikke lese i bok da han var barn, begynte han paa en, fikk 
          han alltid fallesyke; men han hadde uvanlig godt minne, og det som 
          blev oplest for ham, det husket han.
          Han fikk mange råder for sykdommen sin, både åtgierd og annet, mem til 
          ingen nytte. En dag kom en kone med et halsbånd laget av ormeben. Hun 
          hengte det om halsen hans og mente at det skulde ta sykdommen bort. En 
          dag gikk Knut ut alene. Han hadde halsbåndet på sig. Da hørte han en 
          stemme som talte til ham, han så ingenting, men skilte ty-delig disse 
          ord:
          "Kast kun bort de dukkementer som du bærer om din hals, det er ben 
          utav en slange som du bærer om din hals. Kast all synd og ondskap ut, 
          og trøst dig du til bedre Gud."
          
          Så kastet han halsbåndet. Siden blev han bedre. Hans mor hadde en 
          postill (husbibel)som var trykt med store bokstaver. Denne bok hadde 
          Knut slik lyst til å lese i, moren måtte hjelpe ham, og han lærte 
          så-vidt å renlese.
          En dag hørte han stemmen igjen, den bød ham å holde opbyggelse. Han 
          syntes selv at han var for svak og fryktet for øvrigheten, for det var 
          forbudt for andre enn for prester å tale Guds ord.
          - Da måtte Knut til sengs, han blev liggende med føttene i kors, de 
          var som grodd sammen, ingen kunde løse dem fra hverandre. Slik lå han 
          et halvt års tid.
          
          Et par ganger blev han båret ut av usynlige krefter. Husets folk bar 
          ham inn igjen, tredje gang blev han båret ut, da bad han om å få bli 
          liggende en stund. "Um de ber meg inn att så ber dei meg ut att," sa 
          han. Da han hadde ligget en stund, bad han dem hente litt vann fra en 
          nordrinnende bekk i "Erlandshuslien" og vaske føttene hans i det. Det 
          b]ev gjort, og føttene løsnet fra hverandre. Huden var gått av der 
          hvor de hadde ligget sammen.
          Da han blev frisk igjen, gjorde han ikke motstand når han blev befalt 
          å holde opbyggelse.
          
          Engang skulde han holde oppbyggelse på Muriteigen. Han gikk dit i 
          følge med imot Nerlien. På veien sa Knut: "Eg kjem i uleilighet i 
          natt, men de må 'kje ense noko, den Gud vil bevare er uten fare."
          Iver Isum hadde bestilt både presten Heyerdahl og lensmann Hjermand 
          med følge til å møte frem. Det var dans i den ene stue, mens Knut 
          holdt opbyggelse i den annen.
          
          Så grep de Knut, la ham på en langslede og bandt ham godt fast med et 
          nytt orreip. Da de kom ned på isen på Lågen, spratt reipet op, Knut 
          for høit op i luften, tilbake igjen og blev stående blandt 
          folke-mengden som fulgte efter. Lensmannen bad Imort Nerlien, som var 
          den sterkeste der, å legge Knut på sleden igjen, men Imort sa: "Eg tek 
          'kje mi hand i dette menneske." Knut rørte ikke en finger til 
          motverge. Man fikk ham på sleden igjen.
          Isumen gikk hjem efter et nytt reip og mente så til at han skulde få 
          fanten til å ligge rolig. Det gikk godt til de kom op på almannsveien, 
          midt for kirke-porten. Da slo det tre slag på kirkeklokken. Knut blev 
          igjen kastet høit tilvers og tilbake i folkehopen.
          
          "Det er best at 'n Knut fær gå ifred," sa Johan Steig. Da gikk de sin 
          vei både presten og lensmannen.
          
          (Mine svigerforeldre var begge med den gang.)
          Jeg har selv vært sammen med Knut. En som-mer var jeg på onnearbeid på 
          gården Nesse. Knut bodde der den gang. Han hadde stor lyst til å være 
          med å arbeide - når ånden gav ham lov. En dag vilde han være med på 
          sæterkveen og samle høi. Da vi hadde spist frokost og skulde ivei, så 
          gikk først to av tjenestkarene, så Knut og så jeg, og ef-ter mig kom 
          Iver Langsletten. Men da Knut skulde løfte høire fot over 
          svaldørstokken, var det som om en usynlig holdt ham i foten og vendte 
          ham om. Han blev stående med andletet mot mig. "Eg fær pok ikkje gå 
          nokon stad idag eg, for det kjem nokon som vil tala med meg," sa han. 
          Og så gav han sig i ro hjemme.
          
          Da vi kom igjen om kvelden, fikk vi høre at en mann fra Drammen hadde 
          vært der. Han hadde med sig en 4 år gammel pike som hadde vært blind 
          fra fødselen. Han spurte først om hun kunde få synet, og Knut svarte: 
          "Ja, skal ho ikkje få synet, så hadde ikkje du fått dei tankane å 
          reisa hit åt meg. Du må ikkje tru at eg gjer det med mi elga kraft. 
          Det er Gud som gjer det med mi hand."
          Han satte to fingrer på øyene hennes og de blev sitten-de fast en 
          stund. Da han tok dem bort, utbrøt den lille: "Nei, nu ser jeg dig, 
          pappa." Faren blev glad. Han bød Knut 10 daler, men Knut sa: "Eg skal 
          ikkje ha noko skilingar for dette, - eg har fått det for inkje, og eg 
          skal gjeva det burt for inkje."
          
          Evansville, Minnesota, 1905.
          
          P. Sandboløkken.
          
          
           
          *    *    *
          
          Hestane hans bestefar (Jens T. Botrud) vart reint burte frå hamnehagen 
          ein sumar. Folk leita; men ingen såg eller høyrde til dei. Grannane 
          rådde han til å gå til Vis-Knut; men det vilde han ikkje. Det han 
          Vis-Knut for med, truda'e han ikkje noko på.
          Sist i skuronna drog han iveg lei. Det kom ikkje noko utu å leita 
          lenger, skyna han. Han kom til Gausdal og spurde seg fram. Ei kone han 
          råka, sa at han måtte ikke bli redd um 'n Knut vart noko underleg av 
          seg. Bestefar kom inn og bar fram ærenda si. Knut tok til å skjelva i 
          heile kroppen og fall liksom i uvet. Da han kom til seg sjølv att, sa 
          han: "Er inte hestane dine alt' komne, så kjem dei no straks du er 
          heimkome. Han fortalde korles dei såg ut og. Millom anna haa'de den 
          ene noko kvite hår uppunder hårluggen. Det viste 'kje bestefar sjølv, 
          og han sa at han trudde ikkje på det. "Ja, ja, eg fær det no ikkje 
          annarleis," sa Vis-Knut.
          Da bestefar kom heim, var hestane såvidt komne.
          
          Øyer, 7. januar 1904.
          
          L. K. Botrud.
          
          
           
          *      *      
          *
          
          
          Finnemarka heiter ei lita bygd ei halv mils veg innpå skogen frå Modum 
          og Eiker. Der budde ei fattig kone. Ein dag kom ho til Øvrep med noko 
          garn ho hadde spunne.
          Det leid langt på dag før ho tok på heimveg att. Det var seinhaustes; 
          det tok til å snøa og da ho var gått.
          Ho kom ikkje heimatt. Folk leita, men fann henne ikkje. Mannen hennar 
          gjekk så til Vis-Knut og spurde um han viste noko um henne. Knut sat 
          og tenkte ei stund; så sa han: "Ho har gått gjenom en stor skog og har 
          teke i miss av vegen. Når du skal åt bygda di, kjem du fyrst åt ei 
          sæter. Sunnan-for sætra ligg ei tjørn og sunnanfor tjørna ligg kona. 
          Ho har havt av seg eme skoen og hosoa. Ikkje har ho frose i hel og 
          ikkje har ho svolte i hel, men tida hennar var ikkje lenger."
          Da mannen kom heim, drog folk på leiting att. Dei fann kona der 
          Vis-Knut hadde sagt. Ho låg på ei tuve, - hadde drege av seg på eme 
          foten.
          
          *
          
          Det var to gjentor (jenter) som skulde på ei samling. Det var um 
          vinteren og dei skulde gå isen over Glomma. Gjentone kom ikkje att.
          Folk leita, men fann dei ikkje. Så spurde dei Vis-Knut. "Det står eit 
          lite tre på botnen av Glom-ma," sa han. "Der ligg gjentone. Dei held 
          ikring ein annan. Det er glidd så mykje sand over dei, så de finn dei 
          aldri. Dei har sundagssydde kjolar båe to." Det skulde dei nok ha au.
          
          *
          
          På eit bankmøte på Gusstad i Modum vart det stole mykje pengar. Tjuven 
          fann dei ikkje.
          Så var det ein mann som hadde ei sjukeleg kone. Han gjekk til Vis-Knut 
          og vilde få greide på kva som var årsak til sjukdomen. Vis-Knut sa: 
          "De tek vatn nordanfor garden. Det må de ikkje gjera. Det renn ein 
          bekk sunnanfor garden millom store tre. Der kan de ta vatn." Mannen 
          forstod Vis-Knut slik at det var underjordiske makter som var skulde i 
          dette. "Forresten er det ein annan ting au. Ho har og gifta seg 
          ulovleg." Foreldra hennar hadde nekta om henne å gifte seg med den 
          mannen.
          Sidan vilde mannen veta kven som hadde røva banken i Modum. Vis-Knut 
          sat ei stund, så sa han: "Du har ikkje noko med å spyrja etter det. 
          Forresten er pengane havt på ei flaske og nedgravne i jorda."
          
          Hønefoss, 27. oktober 1907.
          
          Berthe Marie Borgen.
          
          
          
          *
          
          Etter skulestyrar F r. H a u g e n, Kragerø, f. i Sel 1820, nedskreve 
          av sonen, lærar A. C. Haugen:
          Det var ei gjente i Sel som vart sveken av kjæra-desten sin. Det gjekk 
          så innpå henne at ho heldt på å verta sjuk både på kropp og sjel. Dei 
          var redd ho skulde miste vetet. Dei sende bod etter Vis-Knut for å få 
          han til å gjera gjenta god att. Gjenta fekk veta det, og vart storleg 
          arg over påfunnet deira. Da ho fekk sjå Vis-Knut burti vegen, gjekk ho 
          til sengs og vende seg mot veggen. Ho vilde korkje sjå eller tala med 
          nokon.
          Folket der tok vel imot Knut. Han gjekk inni rommet åt gjenta, burtåt 
          senga. Ho røyvde seg ikkje. Han la høgre handi si på oksla hennar og 
          spurde: Er du sjuk?" Ho snudde hovudet, såg kvast på han og sa: "Ut 
          frå her ureine ånd, drag dit du har dine like." Så snudde ho seg mot 
          veggen att. Vis-Knut vart reint forfjamsa. Han baud straks velfar og 
          reiste att.
          
          Ein kveld heldt Vis-Knut samling på Formo I Sel. Det var mykje folk 
          der. Læraren Hans Hansen var der au. Kona på Formo bad han vera og eta 
          kveld-verd med dei. - Bordet var fint duka. Dei hadde ni tintallerkar. 
          Anden forbaud Vis-Knut å eta på tintallerk. Dei laut finne fram ein 
          tretallerk åt han.
          Utetter kvelden prata dei mykje saman, Hansen og Vis-Knut; millom anna 
          um Anden som farbaud Knut dette og anna. Bibelen var lettaste boka 
          Vis-Knut lyfte på. Pengar kunde han slett ikkje lyfte. lkkje 
          papirpengar emgong. Dei la ein specidalarsetel på bordet. Hansen 
          undrast um ikkjte Knut kunde lyfte setelen når dei la han inni 
          bibelen. Knut gjekk med på å freista, men bibelen vart så tung at han 
          fekk han ikkje upp frå bordet. Dei tok setelen ut att, og da var 
          bibelen like lett som før.
          Dei prata og las og song langt utetter kvelden. Emgong ingen la merke 
          til det, putta Hansen penge-setelen inni bibelen att. Så fekk han 
          samtala inn på fortolkningar og ymse bibelord.
          Dei vart reint uppeggja. Hansen las upp eit bi-belord onnorleis enn 
          det stod. Vis-Knut vart heit, tok bibelen, lyfte han lett og synte 
          læraren bibel-ordet.
          A. C. Haugen.
           
          *   
          
          Lodver Bjørkerusten frå Sjoa arbeidde ein sumar hjå Jon Teldalen i 
          Tolga. Kona til Jon hadde vore sjuk lenge. Ho hadde noko trutning i 
          kroppen.
          Da Lodver skulde reisa heim att um hausten, fekk dei han til å gå åt 
          Vis-Knut og høyra um det var nokor råd for sjukdomen. "Eg har venta på 
          deg, og kona ventar enda meir," sa Vis-Knut, før Lodver Lekk sagt noko. 
          "Ja, kona er sjuk og vilde så gjerne veta um det er nokor råd for 
          henne," sa Lodver. Vis-Knut fekk som ei kramperid. Da han kom seg att, 
          sa han: "Det står ei stor rogn burtmed springvassveita. Nedanfor den 
          store rogna står ei lita ei. Vest for den vesle rogna finn de ei lita 
          mosetuve. Der ska de grava elt Hol så kjem det vatn upp. Av det 
          vat-net skal ho ta, slå eddik i, og vaske seg i det kvar dag, så skal 
          ho bli god att."
          Berre dei kan finne rogna, meinte Lodver. "Det er ikkje vanskeleg," sa 
          Vis-Knut. "Du har gått etter den veita 'mange gonger i sumar og sett 
          den store rogna. Den vesle er tett ved."
          
          Dei gjorde som Vis-Knut hadde sagt, og kona vart frisk att.
          
          *
          
          Ole Mæløm vart burte på ein auksjon på garden Vik i Kvam. Dei spurde 
          Vis-Knut kvar han var. Vis-Knut sa at han låg i evjun, ei grein av 
          Lågen, som går inn til Vik. Del leita og leita, del brukte not; men 
          dei fann han ikkje. Så sette del upp tri stolpar. Vis-Knut fortalda da 
          kva~or ein stolpe han var nærast. Men del fann han ikkje.
          
          Tridje gongen spurde dei Vis-Knut. Da sa han:
          "Mannen er no lenger syd. Han ligg på ein sand-bank nordanfor 
          Segelstadvollen." Ole Stordalen som tente på Vik, fann han der ein 
          sundagsmorgon.
          
          *
          
          Det var ein liten gut frå Svartsum som skulde gå frå sætra og heim åt 
          far sin med ei mjølkeflaske. var Men han kom ikkje heim. Og faren 
          trudde han var på sætra, og mora at han var heime. Endeleg kom det upp 
          at guten hadde vore burte i 3 dagar.
          Dei fekk Vis-Knut dit. Mykje folk kom saman. Del samlast på ei slette 
          ovanfor garden. Det var sundag. Vis-Knut heidt morgonandakt der. Han 
          bad um at det måtte lukkast å finne guten.
          Vis-Knut gjekk ei onnor leid enn der dei mente guten var. Og dei sa 
          det. Da kom ei hard regnskur. Dei kraup inni ei høyløe medan det 
          regnde som verst. Da dei gjekk utatt, sa Vis-Knut:
          "Går det som eg meiner, så skal vi snart finne guten." Det rann ein 
          bekk der nedmed løa. Med det same dei var komne over, fann dei flaska. 
          Straks etter fann dei guten au. Han sat under ei stor gran. Han levde.
          Ulm, 2. juni 1907.
          
          P. P. Berg.
           
          
          
          På Saksum var det vondt for vatn. Ola Saksum gjorde som så mange 
          andre, han tala med Vis-Knut om dette. Og Vis-Knut sa: "Du skal grava 
          nordanfor fjoset, utanfor ein jordfast stein som er der. Der finn du 
          vatn." Det er ingen jordfast stein der," meinte Ola. Men Knut heldt på 
          sitt. "Og når du kjem elt stykke lenger ned, råkar du berg. Der er ein 
          av-sats, umlag ei halv alen høg," sa han. Det viste seg at det var 
          slik som Vis-Knut hadde sagt. Men dei fann ikkje varigt vatn der, 
          truleg av di dei ikkje hadde grave djupt nok.
          Seinare var Vis-Knut i lag med Hans Tøftum i vitjing på Saksum. Han 
          leita etter vatn da au. Dei hadde grave ein brunn der midt i garden, 
          men ikkje funne vatn. Vis-Knut sa at hadde dei grave to stenger lenger 
          syd, så hadde dei treft på vassåra. Da dei sat og åt kveidverd, snudde 
          Knut seg kvasst og skygde med handa for augo. "Kva for noko tull fer 
          du med att no?" sa' Hans. "Å det er ein i vegom som vil tala med meg," 
          sa Vis-Knut. Morgonen etter kom det ei langfarande kvinne som vilde 
          rådspyrja han. Ho skulde vera frå Lom.
          
          Saksumdalen, 17. april 1907
          
          Knut Brekke.
          
          
          ***
          
          Eg var i lang tid plaga av kjertlar i halsen. Så gjekk eg til Vis-Knut 
          og spurde um han hadde nokor råd for det. Han tok i halsen min og sa 
          med det same: "Burtpå Fron hjå dykk er det så mykje kvit-ryllik, ser 
          eg i røysene hjå deg. Finn noko av han, bind saman til ei knippe og 
          turke det vel. Så rispar du av toppen og kokar graut av han. Grauten 
          legg du på deg, og det kan hende du blir god att av det. Blir du ikkje 
          god att, så er det ikkje anna enn apoteksaker som kan hjelpa dog. Men 
          gå ikkjc til doktoren på Fron, han er ein tufs. Gå til doktoren i 
          Gausdal, han er flink." Eg gjorde som han sa med rylliken, og god att 
          vart eg. Det er no 28 år sidan, og eg har ikkje kjent til sjukdomen 
          meir.
          Med eg var hjå Knut den gongen, var han i godt lune. Han fortalde 'meg 
          mykje, millom anna at i Rysland på Fron var det mange gamle 
          gravsteder. Det kunde nok vera eitkvart å finna der, leita ein vel.
          
          Ei tid etter vart eit av borna mine sjukt. Det var ei sju års gamal 
          gjente. Eg fekk ikkje noko som hjeipte for sjukdomen. Så reiste eg til 
          Knut med henne. Med det same eg fekk upp døra til stova hans, kom 'han 
          imot oss over golvet, og før eg fekk døra att, tok han barnet og sa: 
          "A, kjem du no, dok-ka mi; eg har venta deg i heile dag." Han tok i 
          hen-ne på fleire stader og handfor henne vel. Så fann han fram ei 
          flaske og skjenkte meg ein dram. Etter-på fann han fram ei onnor 
          flaske og gav barnet av. "Du skal få av goddramrnen min du," sa han. 
          Gjenta drakk og tykte det var godt. Eg veit ikkje kva det var ho fekk.
          Han gav den råda at vi skulde bada gjenta i jarn-rustvatn. Det gjorde 
          vi, og ho vart snart frisk att. -Han sa ikkje noko um kva slags 
          sjukdom det var
          
          *
          
          Same gongen var det med meg ei gjente frå Sør-Fron. Ho var umlag tjuge 
          år. Ho au var sjuk. Vis-Knut fortalde kva sjukdom ho hadde, og gav 
          henne råd for han'. Med det same sa han: "De er straks ferde med 
          slåtten i Håkåsætra no." Dei var det Gjienta kom nettupp frå der. "Du 
          kan gjerne vera der ei tid, han har råd til å ha deg den mannen," sa 
          han. Og det var sant. Det var ein velståande bonde frå Fron gjenta var 
          hjå.